De som har levd en stund sammen

 

Grant De Volson Wood - American Gothic

 

Rosenrot

 

Det veks små gule blomar på stranda lengst i vest.

Dei veks på nakne berget, og trosser hav og blest.

Eg kom til desse strender da ungdommen var ny,

her fann eg deg, og landet ditt, og søkte meg eit ly,

her kor vinden alltid syng -

her kor vinden alltid syng.

 

Ja, blomar står mot havet som ein kjærleikens arme,

og trosser alle krefter som vil bryte livet ned.

Dei kallast Rosenrot for sin ange har eg hørt,

og her frå våre strender blir den angen stadig ført

av ein vind som stadig syng,

ja, ein vind som stadig syng.

 

Det blømer  kjærleiksurter på strendene hos oss.

Dei gror på nakne berget, og veks seg sterk på tross.

Og kanskje må det væra slik at kjærleik først blir stor,

når han må kjempe tvikamp med så ugjestmild ei jord?

Hør på vinden kor han syng,

Hør på vinden kor han syng!

 

Eg ser det flate landet, der eg fann min stad eingong,

du kom langs vindens vegar, og du kom med vindens song.

Og båra braut i mot oss, stundom krast, og enda vilt,

men livet fekk vi leva, og mot kvelden vert det mildt!

Kjenn på angen når han syng -

det er livets vind som syng!

 

 

                                               *