En drøm midt i livet

 

 

Frida Kahlo. Tree of hope.

 

Vær eit land for meg – draum!

 

Vær eit land for meg – draum,

ein stad eg kan kjenna meg heime,
ein stad eg kan leggja min rimfrosne ham
og bade i kjeldene – reine,
ein stad eg kan kvila – og kvila meg ut,
der ingen har noko å rekke,
der ingen skal trenge å be om ei hand
når viljen og krafta er vekke.

Vær eit land for meg – draum
med enger av knitrande knoppar –
som lokkar alt reint som eg kjente på jord
til dans mellom doggklåre droppar.
Vær landet der framme, eg skapte som barn,
med siglande båtar i dammen,
og draken som spente sitt himmelgarn
og paradishopping ved trammen.

Vær eit land for meg – draum
om dagar er mørke og stride,
hald dørene opne i sol og regn
til staden der ingen skal lide.
Til sist: vær eit land for meg – draumen min
når medgangsvind tek til å strøyme,
slik at eg kan synga ein tone så rein
at ingen kan draumen sin gløyme.

 

        

 

                   *