Tonen som aldri døydde

 

Den andre framtida

 

 

 

 

 

Dikt

 

 

Hans Anton Grønskag


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Heim – Laust

 

Barndom på øy.

Femtital.

Fjerne dunk frå

svarte maskinrom.

 

Snurpenot

kring alt –

 

Utanfor

heimlaust.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Heilag – rein vind

 

Mi øy i horisonten

strek i vater

 

Hus -  enkle

teikna i nøktern tru

balansert budsjett -

snikkarfinessar

mot ver og vind.

 

Øy

Hus.

Hav.

Himmel.

Rekved.

Restar av

framtidsvon.

 

 

Går inn der stundom.

Badar i heilag

rein vind.


Øy

steig frå hav.

Den store breen

skar si avskjed på yta

hatsk – kaldt.

Ruren dekker arr i flomålet

Lindrar – vernar

 

Lenger opp – livlaust.

For mykje salt i såra.

 

Eit steg enda høgre

gror bygda fram –

Røter som spurveklo

i furene

 

Ei fjern sol myser

bak skrivebordet

til Framskrittet.

 

Ikkje mi sak!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Folk på øya

gjekk bort når rollene var spelte,

taus - namnlaus sorti –

 

Alle hadde eigne prosjekt

når det gjaldt stiar og grenser.

Nokre bygde enda

bruer.

Men andre snikra

gjerder og gjenstridige grinder.

 

Dei fleste vart gravlagde

heilt ned på auren,

og vart sunge lenge for

medan drøset gjekk om lyse sider.

 

Andre fekk ikkje slik

handsaming, men vart grove

heilt ned på berget.

Ein la mykje arbeid

i å få slike i jorda.

Trakka lenge og tungt

etter dei.

 

 

 


Ei øy,

fråflytta hus,

mottspist stol,

dørlaust,

glaslaust –

 

Her  har livet

reist med

alt.

 

Stolen

den

siste som vinka

 

augevitne og

kjentmann -

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Framvekstringar

 

Ungane som vaks opp her

såg verda utan filter.

Hjarto gapte som

nyklekte starar

Alt tok dei inn. Umettelege

som Atacama-ørkenen,

og med ørkenens stjernenatt

i augo

 

Dei sprang med bein

avla fram for sleipe berg og

brottsjø

uvørde som sjømenn på

veg frå kveldens siste kneipe

 

Dei hadde ein snert i orda som

kunne få hestar til å

stegle, og renne

rett inn foreiningssong

og bøn for ungar på

Madagaskar         Þ


Stundom styrte dei øyas avdøde skuter

frå ei tilvere som beingrinder på

stranda –

til å segle ut som Hollendarar

med ei last av bakbundne

leksar.

 

Dei leika utan tanke på at

dei kom til å skilje veg

i to kjøn ein dag.

 

Ikkje før den dagen basketaka

enda kropp mot kropp, som før -

men med ein skilnad:

gnistregn smelte av mellom

auge, munnar og pesande bryst,

og dei sto att med punkterte andlet.,

tømde for heile barndomen.

 

Augo var

utbrende krater og

hender slong beinlause,

utan meining –

 

reiste seg

vaklande for å finne ein

ny grunn og –

ein ny leik


Ubrukt

 

Ho -  åtte og eit halvt

som meg.

 

Sola skrått inn –

tavla svart -

læraren - grå lagerfrakk

klassen bøygd -  rekker.

 

Ho,

rutete skjørt - håret

nordisk lyst - stroke bak høgre øre

(vende litt opp på den sida eg sat)

håpte det ikkje var

tilfeldig,

Einaste fargen –

Resten var svart-kvitt,           

 

Glaset

brått opent.

Vårleg vind tok seg inn

løfta hår - løfta andlet - gløtta til høgre

smilte fort – mot pulten min

ikkje meg - såg ned att

rekning.

 

Kjende blyanten gleppe,

hjarte hogg – stansa

rulla mot kanten -

ubrukt.


Før det var for seint

 

 

I eitt synsfelt

forte hender  - dyr – klede – ungar.

Lyd: musikk – separator – latter – krøtter.

 

I eitt anna synsfelt,

ranslar av nylon – leiddest.

 

Ola-Ola som alle dyra var så glad i,

Kardemomme - by og land

hand i hand – gjenreising,

bygda som pensum

 

Kjende oss ikkje att

før det var for seint –

 

Der låg framtida!

 


Nokre kjensler

 

Nokre kjensler kjem sakte

god tid til å vekse seg sterke

som ei ferje på fjorden

smiler mot land.

 

Venta lenge – ja vel

kanskje eit heilt liv –

Når trossa er kasta

er det trygge famntak som gjeld.

 

Eitt leie fritt for brottsjø.

Ord møtest

som gamle kjende

på dekk.

 

 

 

 

 

 

 


Hemmeleg rom

i gamalt hus

vil gjerne bli funne.

 

Likevel går vi heile

liv og slektsledd

dører forbi –

finn dei ikkje.

 

Men det hender

vind ruskar hardt

i gisne veggar –

 

Dører

du ikkje visste om

fyk opp av seg sjølv –

fordi dei må

og du står trylt av

skinet

mot deg.

 


Riktige grannar

let ikkje

stiane mellom husa

gro til.

Gras og andre vekstar

heldt seg langs

kantane.

 

I seine kveldar

medan

månen skein

kunne dei kviskra stilt:

 

”her er vegen

vi skal synge

deg fram

 

det er det

minste

vi kan gjere.”

 


Øya mot kveld

 

Andlet

vender seg i berget

skuggane – som berget

sig fram - lava

rørsler langs furene

Øya kan tale

 

Båt sig fram på reine noteliner

Båt sig fram på botnlaus fjord

 

Når skuggen har klatra heilt opp

skal øya tale

 

med tause fuglar

ut fjorden.


Membran

Vil ikkje invaderast

Ein membran kring

mi boble med minner.

 

Utsikt til slettene –

til hus fylde av ord.

Dei dett ifrå kvarandre

som mottspiste stigar.

 

Framskrittet –

same storleik som vaskesetlane på

bøkene du berre

må lese!

ikkje djupe,

men med frisk layout.

Språket er meir kjent

frå astronomien.

 

 

Slik set gir minner

i det minste

ein membran

mot kometregn

frå låge himlar.

 

 


Stiane mellom husa –

Somtid grodde dei til –

Somtid gjekk folk sine

eigne vegar.

 

Kunne sagt mykje

om stiane – men stiane sa vel

meir sjølv.

 

Somtid

grodde dei til

over natta

 

finst ikkje ord

for alt –

 


Øya lengta

ofte aust

mot land,

samla holmar og skjær –

ærfuglmor og

ungar.

 

Stundom

sleit ho på

undersjøiske lenker

seinvinters,

raste i urkraft og sinne

for så å blotte seg

 

skamlaust –

 

Våren segla inn

til holmane

vestpå.

 

Då slo songen opp

som ein vettlaus

gospel

 

ein ramnsvart brann

 

 

 


Læraren

Vi elska han

Han var lekar tannlekar veterinær prest

jordmor sakførar og arkitekt.

For oss ungane var han  Nansen  Amundsen

Leiv Erikson Carl Linne og Moses.

 

Når han sto i stamnen, reiste kateteret seg

mot brottsjøane og det gneistra til i augo –

Har han kompass?

Er her fyrlys då?

 

Men han strekte handa ut i rette tid.

Lyfte oss

trygt opp mot vinden

og vi  glei mot hamn.

 

Ofte greip han  den veikaste handa.

Vart du redd?

Ja kviskra ho,

men eg fylgde heilt til land.

 

Han møtte blikket hennar –

såg der

både fyrlys og

kompass-

 

Ja sa han -

Du loste meg godt –


Theas store dag

 

Ho gjekk over jordskorpa

slepande bører

lite høvelege for

nedslitne beingrinder.

Ein krokut og anonym parentes. 

Ingen turte sjå henne klart

 

Men då dagen kom

var det som om alt klaffa.

 

Løvetanna spratt ut

og ungane plukka.

Ein snikkar og ein fotograf

kom sjøvegen,

og då misjonskvinnene

i sin nåde gjekk saman

vart ho lagt i nysnikra kiste,

kledt i lin og pynta med blommor

 

Fotografen

ga blaffen i døden –

 

lokka fram eit smil.

 

 


Rur

 

Minner om ei øy –

ei boble – tilflukt.

Semibalanus balanoides –

Svabergets rur

lyser kvitt mot stjernene.

 

Opne munnar ved flo –

Hardt tilknepte ved fjære –

Alltid umælande.  

Alltid presis – flo – fjære.

 

Kva drøymer du rur

under kvite gjegler?

 

Minns du og

ditt heimland?

 

Som eg gjer ?

 

Pangea –

 

 


Båt går ut

Kaffi til 9-timen

i styrhuset,

blank sjø

lina egna

mannen  herre

over situasjonen.

 

Båt kjem inn

Tek med seg radioen,

tom og strømlaus øy,

låser døra,

 

territoriale grunnar


Den som ror

nyttar pusten

magen gjer det meste.

 

I morgon

austavind og sol

får sjå

kva som kjem framfor augo,

flo – vind – straum

 

Kan berre sitte

til livet har roa seg

 

Veit alltid noko –

vil koma ein i møte

 

når ein ror

 

 

 


Vendepunkt

Plassen i nedste vika
vart bygt av 
restar og kapp i verda,
snudd og vendt 
av vise hender
til det vart heilt 
og nok.
Spikrane retta ungane -


Steinhella ved døra –

plass til ein heil generasjon 

med utsikt til

fleire horisontar.

 

I solrenninga spelte
einkvan munnspel -

Gerhardsen på radioen

 

Slekta tok viktige

avgjerder då

 

retta ryggen.

 

 


Rastlaus trasking
i mine rom,
mørkret tek meir plass
kvart år.
 

Det hjelper å

sleppe folk inn

Roleg  prat –

som å krysse ei elv

stein for stein.

 

Best er det

å sleppe

ungar inn.

 

Dei tek all plassen –


Eit lite dikt
skreve med linerlekloa
hauken
la igjen
på isen.


Eg skriv ikkje dikt 
om noko
diktet er -
er som røyk
frå veidemannens bål,


lik svermar
av fuglar
inn frå havet.

Eg
vil joike skuggane bort
frå deg.

 
Frå sjamanens runebomme
stig dikt,  
og stjerner endrar bane,

vert
kvilelause
spenningar,

sprakande
mellom galaksar,


eller balsamerte

tårar

innkapsla i mørket

ditt

 

her er ei hand

kom

 

 

 


Bygda var lukkeleg
med folket sitt –

Vi slang langs vegane
på sundagen.


Nokre stødde seg til
sykkelen.
Støtt vart vi einige om veret,
kjende litt på 
fattigdomen og fann
han var bra fordelt
og til å leva med.


Ikkje alle som har det så godt
som oss 
vart det sagt,
får sende ein slant.
 

Kunne ikkje håne

naboskap og kjentfolk

med allmisser.

 

Det var regelen.


Har ein 
Massey Ferguson.
Grom lyd!
Svarttrosten
tek plass som
panserpryd.
Stilig -
kvitrer
jentene i 
rognetreet.


Kan ikkje fange dei alle
ikkje i eit manneliv.
Dei fell som snø i mars
mot varm jord
og vert borte,
men nokre dikt
fell i mi hand,
som denne av ei
husmannssjel
som aldri fekk tale.

Oppført i kyrkjeboka
ved utgang og inngang,
ligg i grav som andre flytta inn i,
etterpå.
Omtalt i Folketellinga av 1865
som ”Beata Olsdatter, tjenestepige”.
Ikkje omtalt seinare.
 

Kom hit syster – fortel!


Vinden syng salmar
gjennom fråflytta hus
ein einsleg stol
lyttar,
er det du ?


 Prologen

 

Vinden strør

kring seg med rognebær

og lauv,

samlar havet i famnen

og legg ekrene i lake

langt innpå land.

 

Dagen grip med valne

fingrar etter bølgjene,

bleike maneter – daude andlet

på yta, men likevel i rørsle.

 

Speler innøvde roller.

Prologen er alltid verst. –

 

No kan hausten berre koma.

 

 

 

 

 

 

 

 


Havslettene vaknar til liv

kring øya,

mumling og dumpe drønn,

stemmer frå

ein  mektig by:

 

elsk – elsk

 

og over den blanke flata

krusingar kring  munnen,

lokkar i sekundar før skyming,

berre eit kast med

hovudet:

 

det er no –

det er no lufta er moge,

 

vindauge ope,

kjenn

legg handa di

her.

 

 

 

 


Inni bobla skin sola

Lyset samlar seg i kjære andlet,

blomstrete hovudtørkle,

mjølkespann og raud traktor.

Mørke dieselbrum mellom husa,

feit lyd - trygg voggesong

 

Dei lange åretaka – alltid lydlause,

spente ryggen mot framtida.

 

Viss på vegen

heilt til det siste.


Eit dikt lagt varleg ned

med andletet opent–

 

Når verda flør over ein gong

skal det vera

berre eit avtrykk på veg ut

mot stjernene –

 

vender det andletet hit

skal vi møtast

omkledt – utan å trenge

ord meir.

 

 

 

 

 

 


Vi hadde slarvekjerringane

og intrigemakarane og

skrytepavane og sladreungane

og naskarane og lygarane og

klagarane og skinnhelligpeisane

og floksene og rundbrennarane og

griskallane og flyfillene og

grinkallane og grådigpeisane og

bedehuskjerringane og bedrevitarane.

 

For ikkje å snakke om

folk flest!

 

Desse spelte elles

andre roller,

etter behov, og

talent.

 

Når det røynde på ein plass,

måtte andre vera statistar.

 

Slikt jamna seg ut

over tid.

 

 

 

                                                                                                   


Morfar er på fotografiet

i stivna positur

med barnebarn

danderte i kle han ikkje tør ta på.

 

Han har never som er skapte

for årer og armar som

fekk det til å flø innover land.

 

Rodde jorda rundt og rundt, men

kom seg aldri frå grunnane

fordi potetene alt var kokte

og gryta venta med salt vatn.

 

Han legg handa over ein av oss

som ein patriark,

men brenn seg på ukjende former.

 

Brydd og stiv ser han fotografen -

og vert fanga i album, for godt.

 

Skuggane inni nevane

er forma av årer.

 

 

 


MATHEUS

 

Den dagen Matheus fekk

trygd, takka han postdama

oppi handa, og gjekk med

pengepungen open langs vegen til kaia

tre dagar i strekk,

heilt til nokon fortalde han at

det var noko som heitte tjuvar.

Då såg han lenge på rutebåten utpå svaet,

men fann ikkje levande blikk der.

 

I seksti år livnærte han seg

på vedhogst og torvtaking -

sleit økser og spader som andre sleit

truser og gebiss – men han sleit dei heilt

inntil treet.

Lånte slipesteinar der det var ungar som

kunne dra.

 

Han tok grøfter lengre enn  den

kinesiske mur og djupare enn

sin eigen fattigdom.

Han var ein dagarbeidar som hogg

seg ein plass ved andres matabord,

bad bordbøn så inderleg at vi skamma

oss, og ønskte vi hadde mindre å rutte med.

 

Matheus sette si ære i å klare seg sjølv.

Fraus seg gjennom vintrane, og trudde på vår,

og på Vår Herre.

Når salmesong og flis ljoma frå

hoggestabben, visste vi at

ingen kunne koma nærare himmelen

på desse kantar.

 

Salige er de rene av hjarta -

dei veit ikkje kva fusk er.

 

Gamle barneauge råka oss som ei

glømt sorg,

og ei lengt

sterkare enn gravitasjon.


Når fiskarane gjekk i land

hadde dei vokse saman på

midten –

bryska seg i karsleg

motorolje, tjære og fiskeslo og

signaliserte ereksjon som eit fyrlyssveip

over øya.

Kom det eit kvinnfolk eller to

spytta dei glis seg imellom ,

og sende blikk fulle av klåfingra netter.

Hadde Kvinnefronten kome ti år før,

måtte dei ha væpna seg tungt med

klasebomber og Kalasjnikof, i staden

for frisleppte puppar.

 

Men så hadde dei heller ikkje sett at

styrkeforholdet kunne endrast.

Karar i mindretal, og kvinnfolk i fleirtal

var ein heilt annan sak.

Det vart forskyving  i lasta då.

Propellar som fekta i lause lufta.

Blasse auge utan landlov.

Talen gjekk i hytt og pine.

Nygjeldte gjekk dei kvar til

sitt –

med nevane 

oppå dyna.


Mammutens vegar

gjennom polarnatta

smelta bort,

og den store isen stønna seg mot havet.

I slektsledd

var folk på veg,

stampande mot nordavinden -

programerte for sjølvmord.

 

Dei var unge og sterke.

Veidefolk med rovdyrets kalde

kalkulering i kvar muskel.

Alltid halsande mot nye leirbål

Alltid på veg til sydande hav

og lier overgrodde av vilt.

 

Men det er mest kvinner det handlar om -

nei – jenter – så vidt kjønnsmodne,

med dieungar ved barmen, og andre på slep.

.

Dei hadde trossa isvindar og svolt

under trollstemt nordlys,

trossa sabeltanntiger og mammut

feidar og sjukdom.

 

Då dei kom fram

la dei avkomet

trygt frå seg i mosen. Þ


Så fann dei medbrakt knusk,

og varma opp den nye

verda.

 

 

 


Øya hadde vegar for sykkel

Jonas Øglænd var eit namn å

rekne med når det gjaldt

folkeleg sjarm og dametekke.

 

Torg var alle stader

der vi danna ring

på eit vindblåst strek

mot horisonten.

Ungdomar samla seg

kring eit dusin blanke sykkelstyre.

 

Det var ikkje mykje å gøyme seg bak.

Fekk ein napp, kunne ein saktens

vente til sola stupte i Atlanteren.

Men kven hadde lært klining

på ei naken øy?

 

Likevel kunne mirakel skje

og det smaug ei jente opp på stonga.

Ho dufta blomstereng og hav

så langt auge rakk,

 

og du trødde

sanselaust vilt for å få igjen

pusten.

 

 


Ho dødde gradvis

mot leppene.

Alt stødde seg  på dei

til slut –

Hennar siste eid

tømde romet.

 

Eit svart hol

ingen ville koma nær

alle ville få i

jorda.

 

 


Kråka

 

Skallen 
som jarngrev
over mønet
vaktar sine
rettar.

Om du ikkje 
vert gravlagt,
har ho retten
til tarmane.


Fødselsdagsgåve

Då eg vart 12 år
fekk eg ein globus
i gåve

Denne side opp,
sto det på eska


Planta vaks her –

trass alt

Vi kalla den muserter

Ikkje mykje til frukt, men

ungane her forsto han. 

 

Dei minste orda 
er svake pust
frå nattknepte kronblad 

Tal med dei !


Florlette trådar

Lampa over meg,

bordet under meg,

golvet under bordet,

byen bak veggen,

øya

bak byen –

 

Trådar - samlar trådar - saknar trådar –

veven går

ikkje opp.

 

Berre eg

er sakna  i det diktet –

 

Alt anna finst.

 


Når han kom med

rykande kvitt skum frå havet

full og galen, og med eit stort svart gap

frå himmelrand til himmelrand,

då var det alvor.

 

Ein morkna, vasstrukke gjerdestaur i

fossregnet, der kråka klora seg fast.

Då den rann over,

vart ho borte i austhimmelen.

 

Alt folket var inne.

Blåheldt på Fiskeribølgen,

og giktbrote hender.

 

Då vinden løya på morgonen,

slo dei radioen av –

og lydde etter rekved.

 

Ganglaget til den første

overallen frå kaia

avgjorde –

 

Faren over!

 


Andedraga som kjem

frå dei inste roma

små glimt av noko

som ikkje vart

eit blikk, eit kast med

hovudet, ei hand som

trekte håret vekk

så du fekk sjå –

ja, ville bli sett

 

dette som du ikkje trudde

var lagra nokon plass

men er der

for det

er der

som ein vindstille

vind -

ein ubrukt

utgang

 

gir draumen

næring


Historia er ikkje arkiv

tida er ikkje ei elv

eg ror på same sjø

som Platon og Descartes

eg ror ut frå mi øy

 

kvar gong vi møtes

heng vi på årene

andøver litt før vi pratar

og ler av våre eigne tider

 

når vi går i land er vi på

ulike strender

men sanden er den same

fortøyer båtane, og ler mykje

 

vi hugsar å snu

timeglaset til neste gang

synkroniserar

tidsdimensjonane

 

slik kan vi leva evig


Eg veit ikkje kva

eg er heimlaus frå

 

mitt heimland sleit seg –

Kløyvde klippar

strender som arr

 

lengslene

speidar

kakerlakkar

utan hovud

 

forlagt

sansane

 

 

 

 


Eg dreg båten frå land

glir på blankt vatn

på drivande skyer

 

Eg ror tankane tome

og set segl

eg skal ikkje gå i land meir

før eg er ein annan

 

Ein må leggja ut

om ein vil finne vinden sin

og leia

 

Det fins ei sanning:

 

den vinden teiknar

med kvass kjøl

 

i deg

 

 

 


Eit varmt hjarte

 

Stormen

er ikkje så farleg –

må krumme

ryggen berre

 

Tangloppa

flat

under steinen

 

Ruren kan bera

ein landgang

av soldatar –

 

øre legg han

mot berget –

 

hør!

eit hjarte –

 

i glødande

magma

 

 

Tonen som aldri dødde

 

Når eg står i den andre døra
ser eg far på veg inn
i sekstitalet
med spettet i eine handa
og hesjestaur i den andre
Sterk kropp
brun av sol og vind
og med milde
framtidsvoner
i andletet -
Staur vart planta
djupt
kunne ikkje rikkast
av andre
ikkje av vind
ikkje konjunkturar
ikkje motar -
Surra strengen
over
og stramma til
Tonane i strengeleiken
over julinatta
bar langt
sa at dette var far sin song
 
Han døydde brått
i sekstiseks
lykkeleg
uvitande -
men
tonane skjelv
langs alle
vegar - bak alle dører

Framtid!