Når kropp og sjel skiller lag

 

Du bur ikkje i deg lenger

 

Eg ser at du er du,

der du står i framand vind.

Dei same kjende draga,

same djervt hogge skallen.

Rynkene

kring munn og auge,

ei ramme

meisla ut i mange år av

sut for dine, kanskje neste avdrag.

Og var det gleda over born, fisken som beit,

og ei etterlengta helg som skar dei fine

linene kring augo?

Alt er på plass.

Sjølv ganglag, og stemme.

Men likevel er alt annleis,

for i augo eg møter

er du borte.

Du står att på troppa.

Smiler som ein liten gut,

utan språk enno.

Men denne guten har vore her.

I undring famlar

hendene i lommene

etter ord

du ikkje kan finne.

 

Du flytta ut ein dag.

Var det vinden?

Var det taksidermisten?

 

Det som står att,

ser,

og kan ingen ting sjå.

 

 

 

 

*